Dag Fossen reiser i Nationen 18. juni 2016 viktige spørsmål, men utfordrar og Q-meieriene, Bent Myrdahl og Kavlifondet på eit vis som ikkje kan stå uimotsagt...

Bent Myrdahl og resten av folka i Q.Meieriene gjer ein strålande jobb, og vi set svært lite pris på personangrep i eit arbeid der Q-Meieriene og heile Kavli står saman. For det første, ja vi trur på nytten av nasjonal konkurranse i meierimarknaden. Vi trur det både skapar effektive aktørar og styrker etterspurnaden etter mjølk. Tine har hatt ei flott utvikling dei siste åra, også med litt utfordring frå Q-Meieriene. Eg tør den påstanden at både rasjonaliseringa og innovasjonane i Tine hadde gått mykje tregare utan oss. Tine er likevel framleis ein mastodont, og det er uråd å vita om deira effektivitet og nyskaping eigentleg er bra. Bøndene som er med i Tine burde difor vera takknemlege for alt som kan gjera Tine betre, også konkurransen.

Lojalitet er vel og bra, men samvirka er berre middel, ikkje mål, i norsk landbruk. Produktinnovasjonar er viktige, det betyr å skapa nye mjølkebaserte produkt som forbrukar vil ha, som vår Skyr®, Q Frokostyoghurt på pose og Q Gresk yoghurt laga av norsk mjølk. I ein marknadsøkonomi som den norske, er forbrukaraksept den einaste langsiktige måten å byggja opp under økonomien til mjølkebøndene. Det styrker dessutan bøndene si stilling overfor styresmaktene. Vi arbeider for dette kvar dag. Inga næring får utvikling om ikkje nokon ser eigeninteressa i å investera, enten det gjeld bønder eller meieriselskap. Stortinget gav klare signal om ønskje om konkurranse på like vilkår allereie for 20 år sidan. Kavli, gjennom satsinga på Q-meieriene, tok dei på ordet og trudde på visjonen om at konkurranse er godt også innan norske landbruksnæringar. Konkurranse er viktig i alle deler av samfunnet, og i heile verdikjeda, for å skapa effektivitet og dynamikk.

Like vilkår betyr m.a. at bøndene sin økonomi må vera omtrent den same uansett kva meieri dei leverer til. Bønder er rasjonelle. Dag Fossen uttalte sjølv til Bondebladet 15. mai 2014: «Det må bli slutt på at melkeprodusenter slutter og bare går fra kapitalen sin», og her peikar han presist på hovudutfordringa. Fellesskapet av Tinebønder har bestemt at om ein bonde sluttar med mjølk – eller vel å levera til Q-meieriene – så overtek fellesskapet (samvirket) verdien av eigarandelen i Tine. Alternativet ville vera å la medlemsbønder både gå ut, og inn, til marknadsverdiar som i andre partnerskap. Bønder som leverer til Q-meieriene må difor verta kompensert for at dei vart fråtekne sin kapital i Tine, elles vert det ikkje konkurranse på like vilkår. Den spesielle kapitalgodtgjerdsla som Q-meieriene mottek er difor ein ineffektiv måte for at Q-bøndene i allefall skal få avkastning på den kapitalen dei hadde, sjølv om dei ikkje fekk verdiane med seg. Dersom Tine hadde innløyst deira kapital, eller gjeve dei aksjar, så hadde dette ikkje vore nødvendig. Q-meieriene sitt største problem med marknadsordninga er at kapitalgodtgjerdsla ikkje er nok til å ivareta våre bønder, og seinast i 2015 måtte 24 mill. kr. av etterbetalinga betalast av Q-meieriene.

Mange tenkjer kanskje at det er greitt om vi må betala dette sjølve, men det er ei kortslutning. Nyttig konkurranse krev at utfordrarane har tillit til reelt like vilkår framover, elles vil dei ikkje investera og satsa vidare. At Qmeieriene, og difor Kavlifondet, sjølv må ta kostnaden med å gi tidlegare Tine-eigarar si avkastning er ikkje måten å gjera det på. Mangelen på andre konkurrentar etter snart 20 år med «konkurranse» seier sitt om kor attraktivt det er å satsa her. Vi ønskjer Tine og Tine-bøndene alt godt, det er eigarskaps- og utbyttepolitikken vi har problem med. Q-meieriene er i ei særstilling ved at Kavlifondet gjennom Kavli Holding er den einaste aksjonæren. Kavlifondet skiljer seg frå andre aksjonærar sidan fondet si oppgåve er å støtta humanitære, kulturelle og forskingsmessige føremål. I 2015 gav fondet 58 mill. kr. til desse føremåla og satsar offensivt for å auka gåvene framover. Realisering av desse føremåla er motivasjonen for å utvikla Qmeieriene vidare i godt samspel med bønder og forbrukarar.

Aksel Mjøs Styreleiar i Kavlifondet, Osterøy

Bilder til saken: