Bosted: Årdal. Gift med Ulrik, mamma til Jan Eik (7) og Enya (6).
Yrke: Journalist i Sogn Avis.

Eg er ein sosial person som med litt vekslande hell prøver å vera ei best mogleg utgåve av meg sjølv. Eg brenn for familien min, vennene mine, bygda mi og jobben min. Sistnemde ein stor del av min den eg er: ei som brenn for møta menneske med engasjement og formidla historiar.

Mat og helse er eit stort interessefelt. Eg er oppteken av skikkeleg mat, gode råvarer og god husholdningsøkonomi. Eg er ein matreddar som lagar det meste frå botnen og har kokebøker på nattbordet. Men eg les også motemagasin, har skodilla og samlar på tyske keramikkvasar frå 70-talet. 



Eg byrja å kjøpa Q-melk i 2005 som ein direkte konsekvens av saka om påstått triksing med hylleplassering. Q-melk er framleis plassert nede ved golvet i min lokale nærbutikk..! Eg var opprørt, så den gongen handla det om prinsipp. Då Skyr® kom i hyllene vart det fort ein vane. Etter at Frokostyoghurt kom i salg, handla det rett og slett om smak! (Og så litt om posepakningen som eg meiner er heilt genial. Q Skyr® Mini er dessutan fast inventar i skulematboksen).

Min oppskrift - «En betre morgongraut»

[[ RichText template tag ngremotemedia is not configured ]]

Vil du starta dagen med eit smil, er det ingenting som slår kjøleskapsgraut - i alle fall ikkje med verdas beste bringebær frå vakre Sogn. Grauten lagar seg sjølv og svir seg aldri. Bland ingrediensane i eit glas og set kaldt over natta, så er han (grauten) klar til frukost. Med alle gode næringsstoff frå korn og mjølk er du sikra ein god start på dagen.

PS: Brukar du eit glas med lokk kan du ta med deg kjøleskapsgrauten på farten

Bringebærdraum (2 porsjoner):
2 dl havregryn
2 dl Q Frokostyoghurt
2 dl Q-mjølk
1 ss chiafrø
½ ts vaniljepulver
½ ts kanel
1 klype salt
1 ss flytande honning

Rør saman havregryn, yoghurt, mjølk og chiafrø i ein bolle. Tilset vanilje, kanel, salt og flytande honning. Bland godt saman. Legg grauten over i eitt stort eller to mindre glas med lokk og set i kjøleskapet over natta. Om morgonen rører du rundt i grauten og toppar med friske bær.